Info

Info om Bømlo Båtlag

Fakta

Stifta: 1978

Lokalitet: Langevåg, Bømlo kommune

Antall medlemmer: 86

Antall båtplassar: 46

Postadresse: 5443 Bømlo

Org.nr: 892334242

Epost:

formann@b-bl.no

nestformann@b-bl.no

havnesjef@b-bl.no

skriver@b-bl.no

kasserer@b-bl.no

Internett: http://www.b-bl.no

Litt historikk

Tradisjonelt sett har folka på Søre Bømlo hatt båtane sine ved dei mange nausta i Langevåg, Eidesvågen og Bømmelhamn. Etter kvart som tilveksten av fritidsbåtar vart større utetter 1960 og 70-talet, melde behovet for ei båthavn seg stadig sterkare. Ei gruppe båtentusiastar såg dette klårt, og i november 1978 tok dei initiativet til å stifta Bømlo Båtlag.

Det første styret bestod av Kåre Bogetveit formann, Berge Olson varaformann, Erling Strand kasserar, Odd Engen sekretær, Nils Olson styremedlem. Varamenn til styret vart Arnt Hovland og Norvald Nytveit.

Ei lita flytebryggje med plass til 10 – 12 båtar vart lagt ut på piren av den gamle ferjekaien innerst i Langevåg. Denne vart seinare forlenga, og gav plass til ytterlegare 15 båtar. I 2008 vart ei moderne bryggje med betongdekke lagt ut på tvers av den gamle. Denne har plass til 14 båtar, og slik situasjonen er pr 2009, er behovet for båtplassar i Langevåg nokolunde dekka. Arbeidet med flytebryggjene har i stor grad vorte utført ved dugnad.

Bømlo Båtlag har opp gjennom åra arrangert mange festar, fiskefestivalar og bryggjedansar.

Den nye flytebryggja som vart lagt ut i 2008. (Foto Kåre Bogetveit)

Info om Langevåg

Webkamera frå Langevåg.

Veret for Langevåg

Langevåg ligg på søre delen av øya Bømlo, Bømlo kommune i Sunnhordland. Folketalet i bygda er omlag 1200 personar. Den lange vågen inn mot sentrum er ei svært god havn, og båtar her ligg godt skjerma for all slags ver og vind. Fiske, kombinert med jordbruk, har vore hovud-næringsvegen for folket i Langevåg opp gjennom tidene.

Innerst i Langevåg ligg ei stor gjestebrygge med plass til mange båtar. Her kan ein bunkre diesel og fylle vatn. Like ved gjestebryggja ligg Langevåg Bygdatun med butikk, bank, minibank, kafé, helsesenter, idrettshall og festsal. Her kan båtgjester leige vaskemaskin og dusj. I gjestebryggja er det ope trådlsust nettverk. Ein kan også leige sykkel om ein måtte ønskje det. Siste helga i august vert kystsogedagane arrangerte ved Langevåg Bygdatun. Då brukar det vere stort program med m.a. revy og dans.

Langevåg er elles kjend for dei rike steinalderfunna som er gjort her. Utgravingar har avdekka   omfattande produksjon av reiskapar fleire stader langs Langevågen. Råmaterialet var grønstein henta frå Hespriholmen nord for Espevær.

I dag er reiarlaget Eidesvik A/S den største verksemda i Langevåg. Omlag 600 personar vert sysselsette her. Reiarlaget har på nyåret 2011 i alt 25 skip innan supply, subsea og seismikk.

I Hovlandshagen industriområde finn ein Bømlo Skipsservice, ei nyetablering / vidareføring av Bømmeløy Mek. Verksted. Her kan ein få utført reparasjonar av ymse slag, samt vedlikehald av båtar. Andre verksemder i dette industriområdet er Espevær Laks, Pedersen Maskinering og Bømlo Maskin.

Ved riksveg 541 i nærleiken av ferjekaien ligg LOS Elektro avd. Langevåg og Bømlo Bil A/S. Bømlo Bil har bensinstasjon, stor kiosk og bilverkstad. I sentrum, ved vegen til Eidesvik, finn ein trelasthandelen Eide Miljø-Bygg A/S.

Ferja Langevåg – Buavåg har avgang omtrent ein gong i timen. I Eidesvik er det båtsamband til Espevær. Rutetider for Langevåg – Buavåg og Espevær – Eidesvik finn ein her.

Eidesvik Motormuseum i Eidesvik har utstilling av gamle båtmotorar m.m. Alle motorane kan startast opp. Museet er i privat eige. Omvisning på forespørsel.

Nordsjøløypa går gjennom bygda.