Lovverk

Her finn ein vedtekter for Bømlo Båtlag, avtalar o.l.

Havnereglar for Bømlo Båtlag

§1

Styret i Båtlaget fungerer som havnestyre. Havnestyret skal sjå etter at havnereglane blir følgt og at vedlikehald vert gjort.

§2

Medlemmene skal retta seg etter havnestyret sine tilvisingar, alle skal vise sjøvett og manøvrere minst mogeleg i havna.

§3

Ingen må nytta andre sine båtar til om bord- eller i-landstigning. Skade som vert gjort på brygger eller andre sine båtar må betalast eller utbetrast av den som har gjort skaden.

Båteigarane pliktar å halde utriggarane på begge sider reine for groe, dette vert rekna som eige vedlikehald og vert ikkje godskrive som dugnad. Båteigarar har også ansvar for forsvarleg fortøying og fendring. Dei pliktar også å rette på fortøyingane til andre sine båtar dersom dette er nødvendig.

Det er ikkje lov å nytta sjaklar eller anna fortøyingsutstyr som kan skade overflatebehandlinga på bryggene.

Alle båtar skal ha strekkavlastningar på fortøyingane.

Båtar over 20 fot skal bruka spring med strekkavlastningar i vinterhalvåret for å unngå rykk og belastningsskader.

Fortøyingsgods skal godkjennast av styret. Fortøyingsbøyer er ikkje tillat, heller ikkje flytande tauverk. Der det er lagt ut akterfortøying på molo, skal denne nyttast i vinterhalvåret.

Når båtane er fortøydd i havna skal ikkje baugspyd eller andre gjenstandar stikke inn over brygga.

(Revidert på årsmøtet 22.02.2016)

§4

Ved serviceplassar er berre korte opphald lov.

Nemnte serviceplassar er hovudkaien og innsida av piren.

Dersom båten vert forlatt ved ein serviceplass, skal han merkast med namn og telefonnummer. Lengre nødvendige opphald skal avtalast med havnestyret.

Båtar utan avtale og merking kan/vil bli flytta for eigaren si rekning.

(Revidert på årsmøtet 22.02.2016)

§5

Alle som tar i land fisk på brygga eller reparerer noko i havna skal rydda og gjera reint etter seg.  Bryggene eller klubbhuset skal ikkje nyttast til opplagsplass for reiskapar, fiskekassar, teiner og liknande.

(Revidert på årsmøtet 22.02.2016)

§6

Det er forbode å sleppa ut avfall frå septiktank, oljesøl eller liknande i havnebassenget.

(Revidert på årsmøtet 22.02.2016)

§7

Alle medlemmer som har båtplass har plikt til å ta del i vanleg vedlikehald.

§8

Medlemmer som observerer uregelmessigheter ved bryggeanlegget eller ved nokon av båtane (til dømes sikringar, straumbrot, fortøyingar, bryggefortøyingar, boltar/beslag obs) har plikt til omgåande å rapportera til båteigar/styret.

Landstraum kan kjøpast for eit beløp fastsett av styret. Berre medlemmer som har fått tildelt straumuttak kan nytta permanent straum på flytebryggene. Andre medlemmer skal berre nytta felles uttak ved lading eller liknande.

Landstraumkabel skal vera av ein olje-, ver- og kuldebestandig type som tåler å liggje i lag med bryggearrangementet.

Landstraumkabel skal vera utstyrt med skikkeleg anbefalt plugg og pluggbeskyttar til bruk i maritimt miljø iht. CEE standard. Landstraumkabelen skal vera tilpassa kvar båt, slik at det ikkje er skøyt i kabelen mellom båt og straumuttak.

Kabel for tilkopling til bryggearrangement skal leggast ut til minst mogeleg hinder for andre brukarar. Dvs. at ein skal prøva å leggja denne skjult i vangar og ev spor i brygga/uteliggjar, slik at den ikkje utgjer noko fare eller risiko for vanleg bruk av brygga/uteliggjar.

Styret har høve til å gå over utstyr i bruk, og kan gje pålegg om bruk av skikkeleg utstyr samt fornuftig tilrettelegging av dette. Dette skal gjerast etter skjønn. Dersom normalt skjønn tilseier at dette ikkje er tilfredsstillande, så vil det bli pålagt fjerna, eller bli fjerna av styret umiddelbart.

§10

Vasslangar kan nyttast av alle medlemmene. Medlemmene skal sørgja for at slangar er stengt av og rulla opp når dei ikkje er i bruk. Dersom slangehovudet blir øydelagt eller mista, skal medlemmet sjølv erstatte dette. Om vinteren skal, om nødvendig, vatnet vere avstengt og slangane vera i hus.

§12

Alle har ansvar for å halda fellesområda og klubbhuset ryddig. Private eigedelar skal ikkje oppbevarast på/i fellesareal.

(Revidert på årsmøtet 22.02.2016)